Quantcast
Channel: reguleringsplan –Øyavis.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6

Vil ikkje forandre reguleringsplanen

$
0
0

Teknisk sjef rår til at kommunestyret ikkje forandrar reguleringsplanen for Midsund sentrum og at dei held fast på vedtaket frå februar 2010.

Ny behandling. Etter at kommunestyret eigengodkjente planen, kom det inn i alt seks klager på vedtaket. Kommunestyret avviste alle klagene og sende saka over til fylkesmannen, som ikkje var fornøgd med måten kommunen hadde behandla klagene på. Han etterlyste også ei meir utfyllande grunngjeving for løysingane som kommunen hadde teke og ba kommunen ta saka opp på nytt.

Tre forhold. Planen har vore lagt ut til offentleg ettersyn to gongar, begge gongane har det kome om lag 25 merknader. Det er spesielt tre forhold som har vore klaga på. Val av vegtrasé, som er bestemt skal gå langs eksisterande trasé, rasfare, eller kva område som ikkje kan bebyggast. Og bygningsvern, spesielt at det i planen er lagt opp til at «Antonbua» skal rivast.

Grundig analyse. I den nye saksutgreiinga er dei ulike konfliktfelta grundig gjennomgått.
Når det gjeld vegtrasé er det etter teknisk sjef si vurdering berre to reelle altarnativ; Ein øvre og ein nedre trasé.
Administrasjonen har vurdert dei to alternativa ut frå åtte punkt; Samla sett framstår øvre trasé som den gunstigast når det gjeld finansiering og gjennomføring, heiter det. I følgje vegvesenet blir kostnaden den same, men den øvre traséen vil vere enklare å bygge ut fordi den kan takast etappevis. Den vil også bli lettare å finansiere.

Administrasjonen vil ikkje endre på forslaget til reguleringsplan for Midsund sentrum.

Med omsyn til veglengde og vegstandard kjem det neste alternativet best ut. Her blir lengda 600 meter, den øvste er 1000 meter.
Ein nedre trasé vil få mindre konsekvensar for eksisterande busetnad enn øvre, der ein må rive fire hus. I  ein nedre trasé kan det også vere snakk om at hus må fjernast, men færre enn oppe.
Ny fylkesveg i nedre trasé gjev redusert handlefridom med tanke på utvikling og utforming av området ned mot Bukta. Ein veg som følgjer dagens trasé, vil vere gunstigast når det gjeld utviklinga av området mot sjøen.
Terrenget i øvre del av bygda er bratt, og ein utviding av dagens veg  vil medføre betydelege inngrep i terrenget og bratte og høge skjæringar. Samla sett er nedre trasé gunstigare når det gjeld terrenginngrep, sjølv om det er uklart kor omfattande inngrepa ved kryssing av Bakkemarka blir.
Ein nedre trasé er mindre utsett for rasfare enn om ein utbetrar dagens veg, som markerer grensa mellom området som er rasfarleg, og områder som ikkje er rasfarlege.
Bakkemarka er eit fint kulturlandskap med fleire funn av automatisk freda kulturminne. Nedre trasé vil gå gjennom dette området, dermed vil ein øvre trasé vere best når det gjeld kulturminne og kulturlandskap.
Fylkesvegen gjennom sentrum er i dag farleg å ferdast langs på grunn av manglande fortau/gangveg og den er smal. Ved ny veg i nedre trasé vil eksisterande fylkesveg bli brukt av born frå Bøen og innsida fordi det er kortast når dei skal til skule eller aktivitetar på ettermiddagstid. Barnerepresentanten er oppteken av at det også på øvre trasé er nødvendig med gangveg dersom nedre alternativ vert valt. Ho meiner to vegar gjennom bygda vil vere til ulempe for barn og unge, og rådmannen konkluderer difor med at øvre trasé er den beste for ungane.
Både øvre og nedre alternativ gjev framtidsretta løysingar, og begge alternativa har positive og negative konsekvensar. Val av alternativ er avhengig av kva som blir vektlagt, skriv teknisk sjef. Bakgrunnen for at øvre trasé er valt, er at ein har vektlagt sterkt å få på plass den løysinga som er mest realistisk å få gjennomført raskast.

Rasfare. I dag er det forbod mot bustadbygging på øversida av fylkesvegen på grunn av rasfare. Dette på grunnlag av undersøkingar som vart gjort på 60-talet. I 1997 vart rasfaren vurdert på nytt og dei underbygde undersøkingane som vart gjort tidlegare. Kommunen held difor framleis fast på denne grensa, og vil ikkje tillate bygging ovanfor vegen.

Antonbua. Då planen vart lagt ut til første gongs ettersyn i 2007 ville fylkeskonservatoren verne både Krabbevikbua, Antonbua og Strømsneset. Etter at kommunen tok over Antonbua har fylkeskonservatoren gått bort frå kravet om vern av Antonbua, men vil framleis ha vernestatus for Krabbevikbua og Strømsneset.
Antonbua er eit sentralt område for framtidig utvikling av sentrum, og det er frå kommunen si side viktig å legge til rette for utvikling her, meiner teknisk sjef. Han viser til at bua har få vindauge, er lågt plassert i terrenget og har låg etasjehøgde. Når fylkeskonservatoren ikkje stiller krav om bevaring, ønskjer kommunen at ein utbyggjar skal stå fritt til å utnytte området. Det betyr at bua kan rivast, sjølv om den er eldre enn Opstadbryggja som er vurdert som bevaringsverdig.
Det er no kommunestyret som skal behandle saka i sitt siste møte denne valperioden.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6