Quantcast
Channel: reguleringsplan –Øyavis.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6

Ny runde med reguleringsplan

$
0
0

Administrasjonen må lage ei meir grundig saksutgreiing, og kommunestyret må behandle reguleringsplanen for Midsund sentrum på nytt.

Dette er krav fylkesmannen stiller til Midsund kommune.
Etter mange års arbeid eigengodkjente kommunestyret ny reguleringsplan for Midsund sentrum i februar i fjor. I ettertid klaga seks enkeltpersonar i tillegg til «gamlebygdas venner» på vedtaket. Dei fleste av klagene gjekk på val av vegtrasé. Ein øvre trasé ville rasere bygda og føre til at mange hus måtte rivast, var argumentasjonen frå dei som protesterte.
Dermed hamna saka på Fylkemannen sitt bord.

Grundigare utgreiing. Klagarane fekk i haust beskjed om at ei avgjerd ville kome i januar, men saka har trekt ut i tid. I samtalane vi har hatt med Fylkesmannen har det kome klart fram at dette ikkje har vore ei enkel sak.
Like etter påske var det eit møte mellom Fylkesmannen og representantar frå Midsund kommune.
Her kom han med klare krav til kommunen om at dei må ta saka opp til  ny klagebehandling.
Før saka kjem opp på nytt i kommunestyret, krev fylkesmannen at kommunen i saksutgreiinga går djupare inn i dei problemstillingane klagarane har reist. Dei fleste klagene gjeld vegtraséen. – Vi er ikkje fornøgd med den klagebehandlinga kommunen har gjort, seier avdelingsleiar Sverre Dyrhaug hos Fylkesmannen.
–Vi oppfattar at  det er snakk om ein verbal beskrivelse av konsekvensane der vi skal kome med positive og negative konsekvensar av dei vala vi har gått inn for, seier ordførar Helge Orten. – Det er ikkje snakk om at vi t.d. må visualisere den nye vegtraséen.
Orten opplyser at reguleringsplanen som kommunestyret eigengodkjente i fjor framleis er  gjeldande, sjølv om fylkesmannen har krevd ei meir utfyllande saksutgreiing og ny behandling i kommunestyret. Vi slepp å oppheve heile planen, seier han og synest dette er ein konstruktiv måte frå fylkesmannen  å tilnærme seg saka på.
Fylkesmannen  legg seg ikkje bort i det konkrete innhaldet i planen, til dømes vegtraséen. Orten seier likevel at kommunestyret står fritt til å oppheve ein reguleringplan når dei måtte ønskje, men det ville vere dramatisk om så skulle skje. Då må kommunen begynne heilt på nytt med ein ny plan, og det ville ta langt tid før Midsund sentrum får ein reguleringplan.
Orten håper at den nye saksutgreiinga skal bli ferdig slik at dagens kommunestyre får eigengodkjenne planen, Så blir det opp til det nyvalde kommunestyret å behandle dei klagene som eventuelt kjem.
Det er no opp til kommunen å kome med eit innspel til Fylkesmannen om korleis dei vil bahandle saka vidare. – Utspelet ligg no hos kommunen, seier Dyrhaug, som ikkje underslår at dette er ein litt uvanleg måte å behandle ei klagesak på. – Men det er ei spesiell sak.
Fleire av dei vi har vore i kontakt med reagerer også sterkt på at Fylkesmannen er i direkte kontakt med ein av partane i ei klagesak. Dyrhaug understrekar at Fylkesmannen ikkje har sluttbehandla klagesaka enno.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6