Quantcast
Channel: reguleringsplan –Øyavis.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6

Vedtok ny reguleringsplan

$
0
0

Trass i sterke protestar frå fylket og fleire grunneigarar, har planutvalet godkjent ei ny reguleringsplan for sjøområdet i den planlagte nye småbåthamna.

Korte fristar. Fylkesmannen er spesielt kritisk til dei korte fristane, eller mangel på fristar, som er sett for å uttale seg i saka.
Det er også i følgje Fylkesmannen, brukt ulike datoar for når melding om oppstart av planarbeidet vart sendt ut.
Det gjekk berre ni dagar frå partane fekk melding om oppstart før administrasjonen hadde ferdig sitt saksframlegg og planforslag, heiter det i brevet frå Fylkesmannen. Dette legg ikkje til rette for reell medverknad i planarbeidet, skriv han og meiner at ein slik plan i Midsund sentrum kan ha offentleg interesse.
Fylkesmannen peikar også på at det ikkje er utarbeidd ein planomtale, slik lova krev.
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange av dei same innvendingane som Fylkesmannen. –Det er ikkje god forvaltingsskikk at kommunen på denne måten i praksis ser bort frå heile prosessen  kring oppstart og varsling, skriv saksbehandlar i fylkeskommunen. Og ber kommunen ta saka opp til ny behandling.
I saksutgreiinga vedgår Midsund kommune at det burde ha  vore sette ein høringfrist for oppstartvarselet, men kommunen meiner likevel at planprossen har vore forsvarleg. Mellom anna har det vore fleire møte med involverte partar.
Også fleire av grunneigarane har kome med omfattande innspel.
Tor Jarle Sporsheim har på vegne av Lyngjabygg ANS protestert på planen, og meiner at kommunen ikkje har følgd opp dei prinsippa som har vore lagt til grunn i møta mellom kommunen, Midsund Marina og grunneigarar. Han reagerer spesielt på at området som er tenkt til gangveg er trekt mykje lengre inn enn det som var lagt til grunn tidlegare. Resultatet er at tomta deira blir vesentleg redusert. Slik planen er lagt fram, er den heilt uakseptabel, skriv Sporsheim som også ber kommunen i framtida ikkje kun arbeide for å fremme saka på vegne av interessentane bak Midsund Marina.
Planutvalet har delvis kome Sporsheim i møte, mellom anna er traseen på gangvegen endra.
Ola Misund har klaga fordi han meiner gjestehamna hindrar tilkomst til «Krabbevikbua». Rådmannen skriv at dei har lagt stor vekt på ikkje å øydelegge tilkomst til eksisterande eigedommar. Han meiner at tilkomst ikkje vil bli hindra til «Krabbevikbua» og tek dermed ikkje klagen til følgje.

Også fleire av dei som har nausttomter i området, har reagert sterkt på planen. Alf Magne Kirkeslett og Egil Kirkeslett protesterer på at dei misser sine naustrettar, utan nokon form for kompensasjon. Deira familiar bygde naust i området tidleg på 1900–talet. Då ny veg til Sjøsletta vart bygd på slutten av 1980-talet, inngjekk dei ein frivillig avtale om å rive nausta mot at dei fekk kompensasjon i form av ny planert nausttomt i nærleiken. For å bygge naust på tomtene, vart området heva og planert, og mur bygd i sjøfronten. Det var snakk om sju tomter, og kvar hadde kostnader på om lag 200.000 kroner pluss mykje dugnadsarbeid.
I en avtale med kommunen frå 1989, er det utrykkeleg slege fast at dei har løyve til å bygge naust, skriv dei i eit brev til kommunen. Dette har også blitt stadfesta frå kommunen ved seinare høve.
I ettertid har kommunen omregulert området til bustader utan at grunneigararne har protestert. Dei har framleis tomter (ca 100m2) i området, med strandrett. Det er denne strandretten Midsund Marina no vil overta, bortimot vederlagsfritt, i følgje grunneigarane.
Dei viser til at det har vore fleire møter mellom grunneigarane og kommunen i regi av Midsund Vekst, men det har ikkje vore muleg å samle alle grunneigarane for dermed å kome til einigheit. Det har ifølgje Kirkeslett heller ikkje blitt ført referat frå møta slik at ein veit kva ein er einig/ ueinig om. – Trass i dette held kommunen fram med arbeidet som om grunneigarane har fråskrive seg alle rettar ved sjøen, men det er ikkje tilfelle, vert det understreka i skrivet til kommunen. –Mange grunneigarar føler seg fullstendig overkjørt av kommunen. Resultatet av prosessen er at enkeltpersonar vert frårøva sine rettar, med Midsund kommune si velsigning, til fordel for Midsund Marina, som også er privat. Dette vil ikkje bli akseptert og korkje Alf Magne eller Egil Kirkeslett vil inngå avtale med Midsund Marina.
Teknisk sjef imøtegår innsigelsane i saksutgreiinga og understreka at ei reguleringsplan ikkje tek bort strandretten eller bruksmoglegheita for tomta. Planen skal berre vise kva formål tomta kan brukast til. Kva grunneigar vil gjere med tomt og  sjørett er opp til den enkelte, skriv teknisk sjef og tek ikkje protestane til følgje.
Dei fleste grunneigarane føler seg overkjørt av kommunen sin framgangsmåte, skriv Stig Otto Dyrset som eig tomt saman med Eldar Dyrset. Dei er ueinige i forslaget til reguleringsplan og kjem med klare signal om at dei ikkje vil inngå avtale med Midsund Marina så lenge Midsund kommune ikkje kompenserer for tap av strandrett.
Teknisk sjef oppfattar klaga som ei orientering om kva som bør skje etter at reguleringsplanen er godkjent. Merknadene vert difor ikkje teke til følgje.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6