Quantcast
Channel: reguleringsplan –Øyavis.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6

Godtek ikkje reguleringsplanen

$
0
0

Mange i Midsundbygda godtek ikkje kommunestyret sitt vedtak om ny reguleringsplan for sentrum og har anka vedtaket inn for Fylkesmannen.

Seks enkeltpersonar samt «Gamlebygdas Venner», som representerer nærare førti personar i øvre del av bygda, har anka vedtaket.
«Gamlebygdas Venner» er oppgitt over at dei i prosessen med planen ikkje er høyrt slik dei var lova. I følgje klagen har det i heile prosessen kome lovnader, halvsannheiter og påstandar utan at nokon har teke ansvar, meiner dei.

Endra vegtrasé. Det er spesielt vegtraséen «Gamlebygdas Venner» er opptekne av. I over 50 år har ei nedre linje vore den aktuelle traséen, før kommunestyret  i 2006 vedtok at vegen skulle gå langs eksisterande trasé med den følgje at fem hus må rivast.
Det skulle utarbeidast konsekvensutgreiingar for miljø, trafikktryggleik, visualisering av korleis vegen ville sjå ut, samt kostnader. – Ingenting av dette er lagt fram, skriv dei i klagen.
Då forslaget om ei øvre line kom opp, utarbeidde «Gamlebygdas Venner» eit nytt forslag til vegtrasé etter nedre alternativ, der ingen hus vart berørt. Også alle dei store grunneigarane har godteke dette forslaget, heiter det i anken.

Manglar lokalkunnskap. «Gamlebygdas Venner» meiner at dei som har stått i sentrum for å utarbeide dagens plan ikkje har den lokalkunnskap som er nødvendig for å gjere ein god jobb. Dei tenkjer spesielt på alle gamle avtalar som er inngått og planar som er laga gjennom mange 10-år.

Rasfare. I klagen blir det og vist til at store delar av vegen vil kome i rasfarleg område.
«Gamlebygdas Venner» stiller spørsmål om det er forskjell på korleis private eigarar og offentleg brukarar blir behandla. Det blir vist til at naboeigedommen til «Idavoll» er rasmarkert sjølv om den er sikra med ein 5-6 meter høg rasvoll, medan «Idavoll» som blir brukt både til grendahus og ungdomsklubb, ikkje er sikra. «Idavoll» vart i si tid fråflytta på grunn av rasfare. Likevel er ikkje dette bygget definert til å liggje i rasfarleg område. Kan kommunen flytte gamle grenser for rasfare sånn utan vidare? er spørsmålet som blir reist.
Dei stiller også spørsmål om kommunen kan regulere vekk eigedommar, hus og heimar utan at det får økonomiske konsekvensar for kommuneøkonomien.

Føler seg lurt. «Gamlebygdas Venner» konkluderer med at dei føler seg lurt av heile prosessen og håper no at Fylkesmannen kan gripe inn.
I tillegg til skrivet frå «Gamlebygdas Venner» har tre oppsitjarar som vil misse husa sine når planen blir gjennomført, anka vedtaket til Fylkesmannen.
Anne Setnes og Tormod Sandnes skriv at kommunen sitt vedtak vil øydeleggje heimen deira fullstendig. Eigedommen vil bli bandlagt og ikkje salbar. –Dette føles som ein «frihetsberøvelse». Og kommunens vedtak er med på å skape ein vanskeleg og utrygg livssituasjon for alle som må rive husa sine.
Dei får støtte av naboen Jan Ove Langholm og Ann Helen Ukkelberg. For oss fører vedtaket til at vi ikkje får selje bustaden, skriv Langholm som karakteriserer situasjonen som heilt uhaldbar.

I følgje klagen har Langholm heller ikkje fått eit einaste skriftleg informasjonsbrev frå kommunen i løpet av heile prosessen. Dette trass at huset skal rivast. Dette må vere ein stor saksbehandlingsfeil, meiner han.
Leif Arne Jenset er i same situasjon. Han har gjennom sin advokat skissert ulike løysingar, mellom anna at kommunen kjøper eigedommen, eller eventuelt inngår ein langsiktig leigeavtale slik at kommunen kan nytte huset til det blir rive.
Ann Kristine Misund har anka vedtaket på vegne av Amalie Misund og hennar barn.
Dei har levert to merknader til planen, men desse er ikkje tekne til fylgje. – I sum oppfattar vi grunngjevingane for avslaga på våre krav og forslag til endringar som lettvinte og finn dei ikkje tilstrekkelege eller akseptable, skriv ho.

Fylkesmannen.
Klagene vil først gå til planutvalet. Dersom utvalet held fast på tidlegare vedtak, vil saka gå til  Fylkesmannen. I så tilfelle kan Fylkesmannen vurdere om det er gjort saksbehandlingsfeil,  men og det konkrete innhaldet i planen.
Dersom planutvalet tek klagene, eller delar av klagene til følgje, vil saka gå vidare til kommunestyret. Sluttar kommunestyret seg til endringane må saka ut på ein ny høyringsrunde, avhengig av omfanget av endringane.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6