Quantcast
Channel: reguleringsplan –Øyavis.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 6

Fortsatt stor motstand

$
0
0

Det er framleis stor motstand mot forslaget til reguleringsplan for Midsund sentrum. Sju enkeltpersonar og grupper har klaga på kommunestyret si eigengodkjenning.

Kommunestyret eigengodkjente reguleringsplanen for andre gong 1. september. Kommunestyret skal behandle klagene, Vert dei avvist er fylkesmannen neste klageinnstans.  Som før er det vegtraséen og framtidig status til «Antonbua» det står strid om. Planprosessen har teke mange år.
I februar i 2010 eigengodkjente kommunestyret noverande forslag. Det kom inn seks klager på vedtaket. Kommunestyret avviste alle desse og sende klagene over til Fylkesmannen. Han var ikkje nøgd med måten kommunen hadde behandla klagene på og ville ha meir utfyllande grunngjeving for dei vala kommunen hadde gjort, ikkje minst for ny riksvegtrase.
1. september i år var saka oppe på nytt.  Administrasjonen hadde gått grundigare inn i ein del forhold, men heldt fast på tidlegare tilråding. Dermed vart planen eigengodkjent på nytt utan at det vart teke omsyn til innspela.
Planen har i ettertid vore lagt ut til offentleg høyring, og denne gongen kom det sju klager. Administrasjonen skal no vurdere klagene før dei skal leggast fram for kommunestyret. Dersom klagene blir avvist, kan vedtaket klagast vidare til fylkesmannen.

Vegtrase. Gamlebygdas venner med om lag 40 underskrifter, opprettheld si tidlegare klage og meiner det er  galskap å radere ut fleire hus og heimar slik ein øvre riksvegtrasé vil føre til. Fleire enkeltpersonar som må flytte frå sine hus ved ein øvre vegtrasé, har protestert. Å vite at dei misser heimane sine, er ei stor belastning.

«Antonbua». Reidar Misund har dei siste gongane reguleringsplanen har vore ute til høyring klaga på at kommunen ikkje lenger vil verne «Antonbua» slik det var foreslått i dei første utkasta. Klagene har alltid vorte avviste.  No har han fått støtte av Asbjørn Misund som på vegne av «ein del arvingar av Anton» protesterer på reguleringsstatusen bua har fått.
Denne gongen har også fylkeskonservatoren kome på banen. Han presiserer at fylkeskonservatoren aldri har meint at «Antonbua» ikkje har verneverdi som del av vår kysthistorie. – Vi har heile tida meint at ho burde vernast, skriv han, men vedgår at dei kunne ha vore meir presise i tidlegare høyringsrundar. Kommunen har oppfatta at fylkeskonservatoren har opna opp for riving av bua slik at området kan brukast til andre formål.
I den eigengodkjente planen er «Antonbua» regulert til forretning/kontor. Fylkeskonservatoren meiner no det er svært uheldig om området  kring «Antonbua»  blir utvikla på ein slik måte at verneverdiane går tapt. Han føreset difor at ei eventuell vidareutvikling tek omsyn til dette verdifulle kulturminnet. Fylkeskonservatoren viser til at det finst lokal interesse for å setje bygningane i stand. Dette er eit kulturminne som er ein viktig kulturhistorisk ressurs, skriv han og viser til at bygningane alt no blir nytta i kulturelle samanhengar. Han rår sterkt ifrå tiltak som er egna til å føre til kulturhistoriske tap på og kring «Antonbua».

Stor påkjenning. Amalie Misund har sendt ei omfattande klage som tek for seg planprosess, vegtraséar, rasfare, og korleis ein slik plan vil vere øydeleggjande for Bakkegarden og heile bygda.
I eit vedlegg til klagen, gjev ho overfor Fylkesmannen uttrykk for den frustrasjonen ho har opplevd.
-Dette er sannsynligvis siste gang jeg leverer inn klage/kommentarer i denne saken. Jeg føler meg trakkasert og mobbet av de som styrer/administrerer kommunen. Nå har jeg kommet til et punkt der jeg ikke orker mer, skriv ho.
– I alle år etter at min mann døde i 1979 har det alltid vært noe som har angått min eigedom, og jeg har hatt nok av våkenetter på grunn av dette.
-Jeg har prøvd å være saklig. Jeg har forsøkt samarbeid, men stort sett blir jeg avfeid med arrogante svar. Nok er nok, avsluttar ho.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 6

Trending Articles


Re:Mutton Pies (lleechef)


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Sapos para colorear


INUMAN QUOTES